Meir jubel i Lierne i helga – no har bygda to lag i Mizunoligaen!
Foto: Lierne Volleyball

Lierne rykka opp til Mizunoligaen

Etter veker med spaning og nerver kunne Lierne endeleg sleppe jubelen laus i helga. Dei trong minst eitt poeng heime mot BTSI i siste runde for å rykke opp, men då kampen starta var det ingen tvil. Lierne vann overlegent 3-0, og er no klare for spel på det aller øverste nivået. Ein utruleg sterk prestasjon av laget som så seint som i førre sesong spelte i regional 2.divisjon. Neste år får vi sjå Mizunoligavolleyball både for herrer og kvinner i Liernehallen, når enda fleire kapittel i eventyret om Lierne Volleyball skal skrivast. NTV og NVBF gratulerer med opprykk!OSI sikra kvalifiseringsplassen ved å slå Rossvoll 3-2 heime i siste runde, og skal møte Tromsø over to runder. For Rossvoll enda det diverre med nedrykk til 2.divisjon. Forutsetningane var tøffe då laget trong sju poeng på tre kampar i helga. Dei kjempa hardt og fekk fire, men det var ikkje nok til å passere fylkesrivalane BTSI og Sotra. Rossvoll slår dermed følgje med Sarpsborg ned i 2.divisjon.

Parade i Trondheim

Dragvollhallen i Trondheim vart det delt ut to gullmedaljar laurdag. Først til herrelaget NTNUI 2 som med 3-0 over BTSI sikra seg seriegullet. NTNUI 2 har no to gull og eitt sølv i dei tre sesongane etter pandemien, og vil vonleg vere ein god leverandør av spelarar til Mizunoligalaget i klubbe. For kvinnene i NTNUI vart siste serierunde ein ny parademarsj med 3-0 over Viking 2. Laget har no oppnådd ein uslåeleg rekord, alle 19 seriekampane vart vunne med 3-0! NTNUI enda dermed med 57 poeng og full pott, og heile 57-0 i settskilnad. Imponerande av studentklubben – NTV og NVBF gratulerer med dobbelt seriemeisterskap og opprykk for kvinnelaget.I botnen av tabellen enda det med nedrykk for SK Rival etter bortetap mot både Skjetten og OSI. Laget frå Molde måtte dermed nøye seg med ein sesong i nasjonal serie denne gong. BK Tromsø sikra seg sølvmedaljene i kvinneserien, og skal møte Oslo Volley til kvalifiseringskampar, ein sjanse til å revansjere fjorårets bitre nedrykk. BSI tok bronse for kvinner, og Viking 2 tok sølv for menn.

PS: I dameserien blei Koll sine bortekampar mot Sandnes og TVN utsett grunna værtilhøva. I tilegg spelast den utsette kampen BSI-Viking 2 i midtveka. Ingen av kampresultata vil påverke opprykk, nedrykk eller medaljar.

Denne teksten er produsert av NTV.

Start typing and press Enter to search