Bilete: Kacper Wasilewski og Førde topper tabellen etter fem kampar, blant anna takka vere solid mottaksspel frå han og Mikal Kalstad (bak)

I denne spalta før helga lurte vi på kva Førde kom til å få ut av dei tøffe bortekampane mot Oslo og Koll, og dei leverte absolutt varene i Nydalen laurdag. Etter å ha kome under 0-2 slo dei hardt tilbake og vann kampen med 3-2. Kantspelarane Erin Mutch og Frida Berntsen tok 24 og 21 poeng, og var sentrale i å sikre årets første siger. Laget gjekk også respektlaust til verks og vann det første settet mot Koll på Kringsjå, men eit sterkt Koll-lag anført av midtspelar Selma Tryggestad Hodne snudde kampen og sørga for at alle tre poenga blei igjen i hovudstaden. Likevel eit klart steg i rett retning for Førde, som no håper å lage nye bølger i bortekampen mot rival Viking i cupkvartfinala neste helg.Herrelaget til Førde fulgte opp med å vinne 3-1 heime mot Tromsø. Nøkkelspelarane Martin Olimstad og Oskar Raftevold var ute med skade, og stjerneskotet Mikal Kalstad fekk kvile ein del etter tøff kampbelasting i det siste. Da steppa spelarar som Olav Ingebrigtsen og Jens Aasgard opp, og sørga for at Førde framleis leiar serien med fem sigrar på fem kampar. 20 poeng frå Tromsø-diagonal Casper Vordal Jørgensen var ikkje nok til å få med seg poeng, og Tromsø tapte også 1-3 i Bergen mot Viking. Etter ein god sesongstart har laget no fire tap på rad, og vegen fram til ein eventuell direkteplass i Final Four verkar lang. For Førde var imidlertid ikkje jubelen over, også 1.divisjonlaget deira vann 3-2 over NTNUI 2 i ein toppkamp der.Viking vann som nevnt mot Tromsø, der 17 poeng frå Eskil Engås gjorde at han heldt fram med å storspele. I tillegg vann også Randaberg mot Torvastad i eit rogalandsderby som i grunn aldri vart særleg spanande. Randaberg er dermed framleis på sølvplass på tabellen etter ti poeng på fem kampar.  Cupkvartfinala mot Førde neste helg kan bli ei dramatisk affære! Elles vann Koll 3-0 borte mot NTNUI i ein kamp der hovudstadslaget hadde god kontroll. Henrik Hole og Lars-August Johnson kosa seg på si gamle heimebane, og spesielt comebacket til oppleggar Hole etter langtidsskade kan vere ei åtvaring for konkurrentane!

Tilbake i dameserien vann både Randaberg og Viking 3-0 på heimebane. Dei to vestlandsklubbane er dermed ubesigra, og framleis nummer 1 og 2. Randaberg har no 14 poeng på fem kampar, etter å ha slått Lierne i ein kamp der kun førstesettet vart tett. Spesielt verdt å merke seg at unge Kaia Flatekvål tok 14 poeng frå kantplass, og dermed tek nye steg for å etablere seg i eliteserien. Viking på si side har no 11 poeng på fire kampar, etter å ha slått KFUM Volda for andre gong denne sesongen. Tre jamne sett i ein kamp der Josefine Øines var toppscorar for heimelaget, og KFUM Volda si nysignering Jana Cuk fekk sin Mizunoligadebut. Elles vann Lierne 3-1 borte mot TVN, og er no oppe i åtte poeng på fem kampar.

Start typing and press Enter to search