Torsdag 2. september gjorde Førde VBK det kjent at NM U15 2021 må avlyses. Et enstemmig styre har tatt det tunge valget å måtte si at de ikke kan arrangere dette mesterskapet.
Klubben har informert NVBF om avgjørelsen. NVBF støtter denne og opplever at klubben har handlet både profesjonell, ansvarlig og vist stor omsorg for spillernes, trenernes, dommernes, foreldrenes/foresattes helse og sikkerhet.
Nedenfor gjengir vi mailen som klubben sendte til både samarbeidspartnere og de påmeldte klubbene om avlysningen av NM U15.

Vi i Førde volleyballklubb har lenge planlagt og gleda oss til NM U15.

Håpet om at koronapandemien skulle gå over, og at vi kan leve som normalt igjen, ser ikkje ut til å gå i oppfylling med det første. I dag har regjeringa avlyst trinn fire i gjenopninga av samfunnet.

Auken i smitte blant barn og unge uroar oss, og vi har spurt kommunelegen om vi kan arrangere NM. Spørsmålet vart sendt vidare til fylkeslegen og så til helsedirektoratet, og konklusjonen er at vi ikkje kan gjennomføre arrangementet i tråd med gjeldande reglar. Det er særleg to punkt som vi ikkje kan oppfylle:

  • Maksimalt 200 personar i kvar kohort
  • Kohortane kan ikkje blandast i løpet av arrangementet.

Sjå også uttale frå fylkeslegen:
«Vi meiner difor at eit planlagt turneringsoppsett med innleiande gruppespel, og deretter påfølgjande sluttspel og finalespel, ikkje er i tråd med Covid-19 forskrifta §13a første ledd bokstav b.»

Styret i klubben har diskutert saka og leita etter alternative løysingar, men vi kjem til at det ikkje er verken lovleg eller forsvarleg å gjennomføre NM-arrangementet, og det er fleire grunnar til dette:
–       Vi klarer ikkje å ha kohortar på maksimalt 200 stk. gjennom heile arrangementet.
–       Vi kan ikkje unngå å blande kohortane i løpet av turneringa.
–       NM-deltakarane er barn og unge som ikkje er vaksinerte, og dei vil truleg ikkje rekke å bli vaksinerte innan arrangementet startar i slutten av september.

Vi har derfor teke den tunge avgjerda om å avlyse NM U15. NVBF er informerte om saka og støttar avgjerda vår.

Vi seier oss svært leie for dette.

 

Med helsing

Jan Egil Tvinde                                                           Helge Robert Midtbø

Leiar, Førde volleyballklubb                                           Turneringsleiar NM 15

NVBF vil takke Førde VBK for den måten klubben har håndtert situasjonen. Vi forstår hvor vanskelig avgjørelsen har vært og at ingen ønsket dette, spesielt etter det året som nettopp er gjennomgått.
Vi håper og tror at det vil komme nye muligheter og ser frem til å kunne tildele et nytt mesterskap til Førde VBK.

Start typing and press Enter to search

volleyball-nm-ju19-volda-redigert