Valnesfjord Helsesportsenter (VHSS) gjev spesialisert medisinsk habilitering og rehabilitering for personar i alle aldrar. VHSS har tilbod for grupper med til dømes muskel- og skjelettplager, revmatologi og hjarte- og lungesjukdomar. Kvart år er det ca. 900 brukarar innom senteret for kortare og lengre periodar.

Noregs volleyballforbund var i Valnesfjord for å promotere sittevolleyball. Fleire grupper i forskjellige aldrar med ulike utfordringar fekk moglegheit til å teste ut sittevolleyball i kombinasjon med ballsidigheit og minivolleyball. Det vart mykje latter, stor innsats, gode forsvarsredningar og nokre skikkelege lange ballvekslingar.

Informasjonsspreiing om tilbodet er svært viktig og spesielt korleis ein kan tilpasse sittevolleyball til ulike utøvargrupper og ulike funksjonsnedsettingar. Dette kan ein gjere gjennom forskjellige tilpasningar med balltype, storleik på bane og antal personar på bana. Difor har vi også heldt ei undervisningsøkt (litt teori og mykje praktisk) for fagpersonalet ved Valnesfjord.

Vil du spele sittevolleyball eller ynskjer klubben din å tilby sittevolleyball? Ta kontakt med avdeling idrettsutvikling på [email protected]

Start typing and press Enter to search