Etter at NVBF tidlegare i haust starta opp integrering av utdanning til Trenar 1 ved ToppVolley Norge (TVN), har vi no satt i gang tilsvarande ordning ved NTG Tromsø. Elevane ved NTG er allereie godt i gang med dei ulike modulane for E-læring, og tidlegare denne veka var Eivind Rudaa frå NVBF på besøk hos NTG, der han gjennomførte ei innføring i Minivolleyball og bruken av Longnet. Under kan ein sjå nokre bilder frå besøket, der Eivind møtte både kjekke og engasjerte elevar.

Seinare i vår vil Bendik Gabriel Huus, ansvarleg for trenarutvikling i NVBF, besøke NTG Tromsø. NVBF ønskjer å takke både NTG Tromsø og ToppVolley Norge for godt samarbeid, som vil gje mange unge utøvarar moglegheit til å bidra som trenarar i sine miljø!

 

Samarbeidspartnere

Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP
Cloudnames Mikasport Mizuno Thon Hotels Norwegian Antidoping Norge Aker BP Aker BP

Start typing and press Enter to search