Foto: Trenar 2-kandidatar frå Lier VBK saman med trenarutviklarane Bendik Huus og Matt van Wezel på Trenar 2-kurs i Oslo i februar. 

Kortid trenar trenarane i din klubb? Tysdag 28. mars arrangerte Lier Volleyballklubb si tredje trenarsamling for sesongen 2022/2023. Heile 17 av klubben sine trenarar var samla i Reistad Arena, og denne gongen hadde dei besøk av Bendik Gabriel Huus frå NVBF som heldt eit innlegg om den gode treningsøkta – frå planlegging til gjennomføring og evaluering. Det vart nokre kjekke timar med faglege tips og diskusjonar, krydra med lett servering, der ein fekk drøfta korleis trenarane i Lier VBK kan ta vidare steg saman i sine kvardagar.

NVBF ønskjer å løfte fram dette strålande initiativet for trenarar som Lier VBK på eigahand har valgt å sette fokus på. At klubbar planlegg for samanhengar der trenarar kan møtes i løpet av ein sesong, utanom offisielle samanhengar som til dømes kampar eller trenarkurs, er gull verdt. Deling og løfting av kompetanse er eit viktig poeng, saman med moglegheita til å drøfte utfordringar på tvers av grupper og lag. Like viktig er det sosiale aspektet med eit slikt tiltak – og moglegheita til å bygge fellesskap i ein klubb.

Er dette noko din klubb gjer i løpet av ein sesong? Dersom ikkje – så oppfordrar vi til å leite etter moglegheiter til å få til noko slikt! Legg lista lågt til å starte med; ein treng ikkje alltid foredragshaldarar eller store program, og ein kjem langt med kaffi og sosial prat. Mangel på trenarar, saman med mangel på halltid, blir av mange klubbar løfta fram som store utfordringar. Kanskje slike tiltak kan bidra til å skape meir tryggleik i rolla, og gjere det endå kjekkare å vere trenar i din klubb?

Ein stor applaus til Lier VBK, og til alle andre klubbar i Noreg som har slike tiltak på sin agenda!

Foto: Frå presentasjonen under trenarsamlinga hos Lier

Start typing and press Enter to search