Foto: Det nyopprykka laget til Bodø Volley har vunne to av sine fem første kampar, her jubler dei for siger mot Viking 2. Henta frå Bodø Volley si Facebookside.

I herreserien ville ein nok fått igjen ein del på Oddsen om ein hadde satt pengar på at nyopprykka Lierne skulle ta serien så med storm som dei har gjort til no. Laget frå bygda i Nord-Trøndelag har på rekke og rad slått Rossvoll, Sarpsborg, TVN og Oldenborg. Dette har gitt dei 11 poeng på fem kampar, og ein førebels opprykksplass. Og enda har klubben kun spelt ein heimekamp! Det blir spanande å sjå korleis blåtrøyene sin sesong utviklar seg vidare, starten har i alle fall vore heseblesande.

Bak dei ligg OSI og Oldenborg og kjempar om å vere nest best i Oslo. OSI ligg eit hårstrå framfor, to sure bortetap i Hordaland i helga til tross. Laget har åtte poeng på fem kampar, og er dei einaste som har slått Lierne til no. Oldenborg på si side verkar å vere garantisten for femsettarar. Alle dei fem kampane laget har spelt til no har blitt avgjort i tie-break, noko som har gitt det nyopprykka laget sju poeng. Dei har ei rekke meritterte spelarar, så ein skal ikkje sjå bort frå at begge Oslo-klubbane blander seg inn i opprykkskampen gjennom vinteren. Sotra starta sesongen litt treigt, men fekk ein sterk siger mot OSI i helga. No har også dei sju poeng etter fem kampar, og er eit lag som på sitt beste kan slå alle lag i serien. Heller ikkje dei andre laga frå Hordaland har hatt fullklaff i sesonginnleiinga. Rossvoll har mista viktige Thomas Evensen, og står med kun to poeng etter fire kampar. BTSI venter framleis på sin første siger, og må sikte seg inn på å bryte tiebreak-forbanninga som sendte dei ned i 2.divisjon sist dei var med i nasjonal serie. Heilt sist på tabellen ligg Sarpsborg, som ikkje har vunne kampar enno. Men både mot OSI og Rossvoll borte tok dei poeng, så også Østfolds nye volleyballstolthet har kome i poengprotokollen og starta kampen for å overleve i 1.divisjon for andre år på rad.

Andrelaga er, nær sagt som vanleg, sterke. Viking 2 har spelt heile sju kampar og kvittert ut med 15 poeng og serieleiing. Men ei lang rekke tie-break gjer at poengfangsten er lågare enn han kunne vore. Førde 2 har åtte poeng på fire kampar, medan NTNUI 2 har sju poeng på tre. Det er også lag som truleg går for medalje i serien, og vi ser fram til nye, jamne kampar i 1.divisjon!

1.divisjon kvinner – vil NTNUI og Tromsø rett opp igjen?

Fem kampar og 15 poeng for NTNUI. Fire kampar og 12 poeng for Tromsø. Dei to laga som rykka ned frå Mizunoligaen i fjor har starta tilværet i 1.divisjon med to smell. Neste helg møtast dei i Tromsø, til det som kan vere ein sesongdefinerande kamp i opprykksstriden. Men ingen av dei er serieleiarar, for det er det BSI som er. Bergensstudentane har teke 16 poeng på sju kampar, og opna like gjerne serien med seks strake sigrar. Sist helg tapte dei 0-3 for NTNUI på Dragvoll og fekk dermed sitt første tap, men tabellsituasjonen er framleis sterk, og laget er opprykksutfordrarar slik det ser ut no.

OSI har ikkje klart å henge med dei aller sterkaste til no, og har tre heimetap til no, mellom anna mot BSI og Tromsø. Dette gir dei sju poeng på fem kampar, og eit lite stykke opp til toppen. Kampprogrammet framover gir likevel gode sjansar til å plukke poeng, så studentlaget frå hovudstaden er nok ein klubb vi skal følgje tett framover. Skjetten og nyopprykka Bodø Volley ligg også rundt midten av tabellen her, med fem og seks poeng så langt. Her blir det spanande å sjå kva som skjer vidare.

For Sandnes og Rival har sesongstarten vore tung. Ingen av laga har vunne enno, og ligg på dei to nedrykksplassane. Sandnes har eitt poeng på seks kampar, og har tidvis hengt greitt med i kampane. Framover blir det viktig å omsette dette i tellande poeng. Rival har opna med tre heimekampar, men ikkje heilt funne flyten i Molde Arena. For begge desse laga blir det viktig å kome i gang med poengfangsten før jul, så ikkje det blir ei for stor luke å tette på nyåret. Også i dameserien er det med to andrelag. Koll 2 og Viking 2 har 10 og 7 poeng på sine seks første kampar, og ligg dermed rundt midten av tabellen.

Start typing and press Enter to search