Bilde: Renate Bjerland er ein nøkkelspelar for Koll og kom på årets lag i Mizunoligaen i fjor. Korleis takler ho og Koll favorittstempelet i Liernehallen laurdag?. Foto: Nigel Boyce
 

Laurdag blir en underhaldande dag for deg som er glad i norsk toppvolleyball. Det er berre å ta plass i sofaen, skru på TV, PC og alt du har av skjermar, for her blir det mykje volleyballmoro på ein gong! Og aller helst kan du kanskje ta turen i hallen for å oppleve dramaet på nært hald, når 15 eliteserielag og Lierne sitt herrelag skal kjempe om plassane i cupsemifinala.

Laurdag 15:00 – ØKSIL – Viking – MennRegjerende cupmester Viking reiser til Myre for å ta seg vidare i cupen. Eller gjer dei det? Det er lite Førde-legende Mathias Loftesnes liker betre enn å slå ut Nyborg/Viking. Kan han og resten av heimelaget stelle i stand ei cupoverrasking framfor eit ekstatisk heimepublikum? Det er i alle fall heilt sikkert at Rødehavet på tribuna i Myre vil jobbe hardt for det!

Laurdag 15:00 – Randaberg – Førde – Menn2.plass mot 1.plass i Mizunoligaen. Det lukter krutt av denne trekninga, og publikum har nok ein godbit å sjå fram til i Randaberghallen. Vil Førde-stjernene Martin Olimstad og Oskar Raftevold vere speleklare etter skade? Kan Håvard Aarrestad trylle fram magiske angrepsvinklar og sende heimelaget vidare? Møt opp og sjå!

Laurdag 15:00 – Oslo Volley – ØKSIL – KvinnerFå kan vel gløyme Oslo Volley si cupfinale mot Stod i 2015, der dei verkeleg sjokkerte favorittane og vann 3-1. No skal Oslo igjen møte ein favoritt frå ein stad som er mykje mindre og mykje lenger nord enn Oslo. Kan dei gjenskape magien og ta eit nytt steg mot cupfinale? Umogleg er det ikkje, for Oslo Volley slo faktisk ØKSIL (som einaste lag!) i 1.divisjon i fjor. Samstundes kan vi nok rekne med rundt 30 poeng til Ragni Steen Knudsen dersom kampen går til fire eller fem sett, og ho og resten av laget er nok veldig lystne på å skrive eit nytt kapittel i volleyballeventyret ØKSIL.

Laurdag 16:00 – Lierne – Koll – KvinnerDå denne trekninga var klar var nok Koll sine kjensler ein blanding av revansjelyst og frykt. Få i apparatet rundt hovudstadsklubben har gløymt det sensasjonelle bortetapet i Liernehallen i serien i fjor haust. Så spørs det, klarer dei å bruke det som motivasjon til å sette skapet på plass, eller vil Lierne få til ei drøymereprise? Kun to poeng skiller mellom laga på tabellen, så det er grunn til å forvente ein opnare kamp enn ein gjorde i fjor. Men, cup er cup!

Laurdag 18:00 – KFUM Volda – Randaberg – KvinnerSerieleiaren frå Rogaland er favorittar her. Dei har kun tapt ein kamp mot norsk motstand på halvtanna år, og har nok ingen intensjonar om å la seg slå i Volda. Men Vladislav Todorov sitt lag har fått inn nye spelarar i år, og er nok topp motiverte for å lage ei cupbombe og gjenta fjorårets semifinaleplass.

Laurdag 20:00 – Viking – Førde – KvinnerHeimelaget må finne seg i eit favorittstempel her. Dei er ubesigra i serien og ligg på sølvplassen, medan Førde kun har ein siger og ligg på nedrykksplass. Basert på denne faktainformasjonen verkar Viking som store favorittar, men fleire element gjer at også den siste kampen på laurdagskvelden kan bli dramatisk. Førde er i stigning, og spelte to sterke kampar i Oslo sist helg. I tillegg er dette eit lokaloppgjer, som fort kan leve sitt heilt eige liv, uavhengig av tabellsituasjon og statistikkar.Søndag 13:00 – Tromsø – Torvastad  – MennEin ny open kamp. Tromsø vann tilsvarande oppgjer 3-1 på bortebane i seriepremiera, og er nok små favorittar på bakgrunn av det. Den tradisjonsrike klubben frå Nordens Paris vil gjerne briljere framfor heimepublikum og ta seg til semifinale, men Svein Ove Utvik og Torvastad har eit energisk og kraftfullt lag med skumle planer. Det blir nok slett ingen walkover for Tromsø her!Søndag 18:00 – Koll – Lierne – MennLierne si premie for å slå ut NTNUI var i alle fall ikkje ei god trekning. Koll har enno ikkje tapt i serien, og er særs svoltne på cupsuksess. Finaletapet frå 2022 er det næraste dei har vore cupgull, kan dette vere året der det store skal skje? Laget unngjekk det potensielle bananskallet mot det uvanleg sterke og rutinerte 3.divisjonslaget Stovner på onsdag, sjølv om det vart ein underhaldande kamp. Lite tyder på at Lierne skal klare å stoppe Koll-toget, men det er nok av lag som har fått seg ein på tygga av namdalingane så langt i sesongen..

Så her er det berre å finne fram supporterutstyr og/eller fjernkontroll, vi er klare for ei magisk cuphelg stappfull av god volleyball og jamne kampar!

Start typing and press Enter to search