Koll blokka seg til cupgull sist helg. Kan dei slå seg til topps på tabellen denne veka?.
Tomm Hansen/NVBF

Det er nærast ein fast januartradisjon at Viking og Førde møtast – men i år skal dei altså ikkje møtast i Ekeberghallen. Det er nok to lag som begge er revansjelystne etter å ha måtte tilbringe cupfinalehelga i TV-stolen, og Viking-Førde er ein kamp dei fleste plar sjå fram til. I haust vann Førde uventa klart 3-0 i sesongpremiera, men Viking har framleis ikkje tapt ein heimekamp i år. Vil Eirik Bjelland prikke inn storforma, eller vil Mikal Kalstad og Førde igjen vise kvifor dei er serieleiarar?

Koll var definitivt ikkje i TV-stolen sist helg. Med 3-1 over Tromsø sikra dei sitt aller første cupgull på herresida, og den blå medgangsbølga berre veks og veks. I helga har dei tre tøffe bortekampar, og tre sigrar vil bringe dei til topps på tabellen. Men det er ikkje berre å hente poenga heller. Torvastad kjemper ein innbitt kamp for å overleve i Mizunoligaen, og få gløymer vel at Benjamin Utvik & co. slo Koll 3-0 borte i haust. Randaberg er heller ingen lett motstandar for hovudstadslaget, så vi kan forvente ei tøff batalje laurdag. Den siste kampen, mot TVN på søndag er på papiret den lettaste kampen. Men med tre tøffe reisedøgn og potensielt ti sett i beina, skal Koll måtte jobbe hardt også i Suldalshallen!
Den siste herrekampen i helga er Tromsø-NTNUI. Førstesettet Tromsø leverte i cupfinala sist helg var noko heilt utanom det vanlege. Johannes Fagervold, Elias Strandbu og dei andre unggutane frå nord rysta Koll, og viste dugleikar, speleglede og energi ingen kunne matche. Det blei tøffare utover i kampen, men finn Tromsø igjen maksnivået er dei klare favorittar mot NTNUI. For studentlaget frå Trondheim vil mykje avhenge av om Sigurd Festøy held fram i same spor som i den overraskande sigeren mot Førde sist. Gjer han det, kan dei grøne hamle opp med mange!

Oslo Volley imponerte mange ved å slå Koll sist, ein siger som er enda meir imponerande etter at Koll vann cupfinala. No er neste oppgåve klar for Victoria Demmene og lagvenninnene, dei skal møte Lierne heime i Nydalen. Dette er også ein nøkkelkamp i kampen om sluttspelplass. Viss Kine Gjertsås og Lierne vinn får dei ei luke ned til nedrykkskampen og kan sjå oppover på tabellen. Men viss heimelaget vinn, tetter det seg verkeleg til frå 5.plass og ned. Og med eit Oslo-lag i stigande form og med eit tap frå bortekampen å revansjere, så lukter det dramatikk i denne kampen!

Lierne møter også dei nybakte cupmeistrane frå Koll borte. Blokkspelet til Selma Hodne og legginga til Rebekka Bahr imponerte dei fleste mot favorittane frå Randaberg sist helg, korleis blir det mot antatt svakare motstand denne helga?ØKSIL skal på tur til Rogaland. Dei må nok som vanleg stole mykje på at Ragni Steen Knudsen leverer eit høgt antal poeng. Men oppgåva er tøff, Randaberg er klare serieleiarar og klør etter å slå tilbake frå cupnederlaget sist helg. Oppleggarduellen mellom Live Sørbø og Marianne Loftesnes, to av dei aller beste leggarane i landet, blir også interessant å følge. Søndag reiser ØKSIL vidare til Sand for å møte TVN, og må finne seg i eit favorittstempel her. Skulle dei vinne begge kampane i helga, vil laget klatre til medaljeplass i Mizunoligaen.Viking-Førde er ein interessant kamp, sjølv om han enno ikkje har det same klassikarpreget som på herresida. Erin Mutch og Førde kjempar for å halde plassen, medan Grethe Soltvedt og Viking kjempar om ein direkteplass i Final Four. Det er heilt klart vel anvendte pengar å løyse billett til denne kampen i Åsane Arena!

Denne teksten er skrevet og produsert av NTV.

Start typing and press Enter to search