Justerte reglement for sesongen 2023-2024 

I oktober startar volleyballsesongen i heile landet. Reglementene er revidert og ligg tilgjengelig på volleyball.no under Praktisk informasjon – lover og regler.  Nedenfor finn du dei viktigaste justeringane som er gjort før kommande sesong.  


RYDDIG SPELEFLATE 

NVBF ønskjer å sette fokus på ryddig speleflate og betre vilkår for både arrangør og deltakar.  Alle reglement er derfor oppdatert med at ein skal rydde spelarbenken sin før dei byttar side under kamp, og at all medbrakt drikke på hallflata skal oppbevaras i behaldarar  med lokk eller kork.

 

ADMINISTRATIV REGULERING FOR ELITESERIEN OG 1. DIVISJON

I eliteserien vil det, etter grunnserien, gjennomførast Final Four i sluttspelet.  Kvartfinalane i sluttspelet blir spelt som tidlegare sesongar, medan Final Four vil gå over ei helg, med semifinalar fredag og finalar laurdag. 

 

REGLEMENT FOR MESTERSKAP VGS  

Skular som folkehøgskular, bibelskular og liknande der hovudmassa av elevane er over 18 år, vil ikkje lengeR kunne delta i Meisterskap for vidaregåande skular. Det vert oppretta eit eige meisterskap for desse skulane. Dette meisterskapet vil bli gjennomført under Volleyballveka i Oslo i januar. Du kan lese meir om meisterskapet her.

 

REGLEMENT FOR ALDERSBESTEMTE KLASSER  

I U19-klassen i Ungdomsserien er det tillatt å ha inntil to overårige spelarar på bana. Det kan benytttast spelarar i årsklassen som er to å eldre dersom desse spelarane ikkje har tilbod om spel i seniorserie i klubben sin. Bakgrunnen for endringa er å gje små klubbar større sjanse til å halde på lag og spelarar, og å gje eit godt tilbod til alle.  

I U15-klassen i Ungdomsserien kan ein spelar vere libero i eit av setta og vanleg spelar i eit anna sett. Laga kan bytte libero frå sett til sett. Spelaren må ha same draktnummer heile kampen.  Ein kan eventuelt bruke ein transparent vest over drakta eller ha dobbelt draktsett. Bakgrunn for endring er å unngå tidleg spesialisering.

I U15-klassen i Ungdomsserien kan ein spelar maksimalt serve tre servar på rad. Dersom laget vinner poenget etter tredje serve, skal laget rotere. Bakgrunn for endring er å unngå lange serverekker som kan medføre lite spel. 

Start typing and press Enter to search